Acta Didactica Norge, Vol 2, Nr 1 (2008)

Mot eit moderne norskfag

Magne Rogne

Sammendrag


Artikkelen tek for seg tekstomgrepet i norskfaget gjennom læreplananalysar. Først kjem ein faghistorisk gjennomgang med vekt på spørsmålet om norskfaget kan seiast å vere dynamisk i den forstand at det tek opp i seg tekstkulturelle endringar i samfunnet, særleg knytt til medie- og kommunikasjonsutviklinga. Denne gjennomgangen endar opp i ei drøfting av om dagens norskfag kan seiast å ha eit føremålstenleg tekstomgrep i høve til den funksjonen faget skal ha i dagens skule, med eit særleg fokus på spenninga mellom danning og nytte. Artikkelen konkluderer med at norskfaget har endra seg i tråd med samfunnsutviklinga når det gjeld kva type tekstar det er viktig å arbeide med, men òg at dei svake krava til det å meistre tekstproduksjon i dagens plan ikkje er i samsvar med overordna målsetjingar for faget.

Fulltekst: PDF